Spesialeininga for politisaker har behandla ei sak der politiet i Møre og Romsdal blei meldt for ulovleg ransaking av ein mobiltelefon. Ein bilførar blei stoppa for kontroll og var mistenkt for bruk av mobiltelefon under køyring. I vurderinga frå Spesialeininga står det at bilføraren blei bedd om å opne og vise fram innhald på mobiltelefonen sin som eit ledd i å bevise eller motbevise at vedkomande hadde brukt telefonen under køyring. Bilføraren oppfatta dette som eit pålegg og ikkje eit val, står det. Spesialeininga har kome til at politibetjenten si undersøking av mobilen var ei ransaking. – Det er heimel i straffelova for denne ransakinga. Likevel mangla det notoritet om gjennomført ransaking. Spesialeininga meinte likevel at avviket ikkje var grovt nok for å overstige terskelen for straffansvar. Spesialeininga meiner likevel at saka har læringsmoment og blei derfor sendt over til Møre og Romsdal politidistrikt og Utrykkingspolitiet for administrativ vurdering. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr