Sidan biblioteket i Kristiansund flytta inn i nye lokale i fjor, har besøkstala skote i vêret.

Sidan biblioteket i Kristiansund flytta inn i nye lokale i fjor, har besøkstala skote i vêret. NØGD: Ole Lie og Asbjørg Hjelmås Lie synest dei nye biblioteklokala er flotte. Asbjørg trekkjer fram den gode tilgjengelegheita som eit stort pluss. Tysdag var det eitt år sidan Kristiansund bibliotek opna i nye lokale. Jubileet blei markert med kaffi, kake og fullt hus. Begge meiner dei nye lokala har blitt svært vellykka. For Asbjørg er det den gode tilgjengelegheita som betyr mest. Sidan biblioteket flytta inn i dei nye lokala, har både besøkstal og utlån auka. – Den store hovudteorien er at det er dei nye lokala. Det er heilt typisk at bibliotek som får nye lokale eller blir pussa opp, opplever auka besøk og utlån, seier spesialbibliotekar Borghild Lien. – Det er ein auke på 43 prosent samanlikna med det siste heile året i det gamle bygget, seier Lien. Søskena Amanda (6) og Adam (4) Steien Waage er einige om at jubileumskaka var god. Bøker er heller ikkje så verst.