Éin person er frigjort etter ei trafikkulykke i Molde. Politiet beskriv skadane som alvorlege.

Éin person er frigjort etter ei trafikkulykke i Molde. Politiet beskriv skadane som alvorlege. TRAFIKKULYKKE: Ulykka skal ha skjedd på Julsundvegen i Molde. Vegen er stengt som følge av ulykka. Politiet i Møre og Romsdal melde om trafikkulykka i Julsundvegen i Molde klokka 05.39 torsdag morgon. Éin person sat først fastklemt, men blei frigjort. Det skal ha vore føraren av bilen som sat fastklemt, melder politiet. – Vedkomande har alvorlege skader, seier Jan Arild Austnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt. Det var totalt tre personar i bilen. Dei to andre kom seg ut av bilen, men også desse skal vere skadde. Skadeomfanget på dei er ukjent. Julsundvegen ligg vest for Molde sentrum. Ulukka skal ha skjedd ikkje så langt frå Mordalsvågen. Vegen er stengt som følge av ulykka. – Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er varsla og vil rykke ut til staden, seier han.