Drivstoffprisane er igjen blitt ei politisk kampsak på Stortinget. Samtidig peikar ekspertar på at dei store prissvingingane ved pumpa handlar om langt meir enn avgifter.

Drivstoffprisane er igjen blitt ei politisk kampsak på Stortinget. Samtidig peikar ekspertar på at dei store prissvingingane ved pumpa handlar om langt meir enn avgifter. – Det har vore slik i mange år. Men at dei varierer med fem–seks kroner, er det ikkje så mange som forstår kvifor skjer, seier Geir Aksnessæther. Senterpartiet går inn i torsdagens møte mellom dei raudgrøne partia med eit klart krav: – Folk og næringsliv treng låge transportutgifter for å kunne bu og drive næring over heile landet. Med den enorme uvisse i verdas energimarknader meiner Senterpartiet at avgiftskutta må forlengjast, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum. Sp har kravd lengre avgiftskutt, medan fleire parti har stilt spørsmål ved om tiltaket er rett bruk av fellesskapen sine pengar. – Senterpartiet bør puste med magen. Det er ingen priskrise på bensin nå. Det er derimot mange andre kriser som pågår for tiden. Det er hetekrise og tørkekrise i store deler av verden, som igjen truer den globale matproduksjonen og kan føre til kraftige prishopp på mat. – Hvis det blir nødvendig å ta grep er det viktig for SV at tiltakene er målrettet, og at de er en løsning på en midlertidig krise som ikke permanent svekker klimapolitikken. – Vi mener ikke situasjonen nå tilsier nye tiltak – men, så urolig som det er i Midtøsten vet vi ikke hvordan dette bildet vil se ut til høsten.