Ein mann i 30-åra og ein mann i 20-åra er tiltalt for å ha prøvd å presse ein mann for pengar. Dette skal dei ha gjort ved å ta seg inn i bilen som mannen køyrde og sagt at dei hadde ein kniv. Ein av mennene skal også ha tatt kvelartak på bilføraren. Dei lukkast ikkje med pengeutpressinga, då politiet kom til staden, står det i tiltalen frå Nordmøre og Romsdal tingrett. Mannen i 20-åra er også tiltalt for å ha ringt til ein mann og trua med å drepe han, eller liknande, om han ikkje fekk pengar. I tillegg skal han ha stole bilen til mannen. Ifølge tiltalen skal han også ha kome med drapstruslar mot ein politibetjent. Dette skal ha skjedd då han blei tatt med inn til politistasjonen i Kristiansund. Mannen er også tiltalt for bråk og slåsting i Kristiansund sentrum. Same kveld skal han også kome med gjentatte skjellsord mot ein politibetjent. Han skal også ha forstyrra politiet då dei prøve å pågripe ein anna person. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr