Ein person omkom etter trafikkulykka på Julsundvegen i Molde, torsdag morgon. Det melder politiet. Vedkomande, ei 16 år gamal jente, var passasjer i bilen. Pårørande er varsla. Tre…

Ein person omkom etter trafikkulykka på Julsundvegen i Molde, torsdag morgon. Det melder politiet. Vedkomande, ei 16 år gamal jente, var passasjer i bilen. Pårørande er varsla. Tre personar blei sende til sjukehus med skader etter ulykka, som blei beskrive som alvorleg. Alle dei involverte er heimehøyrande i Møre og Romsdal. Føraren av bilen, ein mann på 18 år er frakta vidare til St. Olavs i Trondheim. Den andre passasjeren, ein 17- år gamal gut, framstår som lettare skadd og får behandling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Ulykka var ei singelulykke, der bilen skal ha køyrt ut i ei svak høgre kurve i ei 80-sone. Politiet seier det er for tidleg å seie noko om hastigheita. Det skal vere store materielle skadar på køyretøyet. Ei 16 år gamal jente omkom i ei trafikkulykke i Molde. Ein mann i 18-åra er frakta vidare til St. Olavs hospital Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr