Ei 16 år gamal jente omkom i ei trafikkulykke i Molde. Ein 18 år gamal mann er frakta vidare til St. Olavs hospital.

Tre personar blei sende til sjukehuset etter ei trafikkulykke i Molde. Politiet beskriv ulykka som alvorleg. Politiet i Møre og Romsdal melde om trafikkulykka i Julsundvegen i Molde klokka 05.39 torsdag morgon. Éin person sat først fastklemt, men blei frigjort. Det skal ha vore føraren av bilen som sat fastklemt, melder politiet. – Vedkomande har alvorlege skader, sa Jan Arild Austnes, operasjonsleiar i politiet, til NRK torsdag morgon. Det var totalt tre personar i bilen. Dei to andre kom seg ut av bilen på eigen hand, men også desse skal vere skadde. Skadeomfanget på dei to er ukjent. Julsundvegen ligg vest for Molde sentrum. Ulukka skal ha skjedd ikkje så langt frå Mordalsvågen. Fylkesvegen var stengt i fleire timar i etterkant av ulykka. Vegen blei opna igjen for trafikk rundt 11.50. Både krimteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har vore på staden for å gjere undersøkingar.