– Det er skremmande at dei ikkje forstår kva næringslivet slit med, seier lastebilsjåfør Svein Egil Seterbakken. Han håper drivstoffkutta får halde fram.

– Det er skremmande at dei ikkje forstår kva næringslivet slit med, seier lastebilsjåfør Svein Egil Seterbakken. Han håper drivstoffkutta får halde fram. Lastebilsjåfør Svein Egil Seterbakken håper drivstoffkutta blir vidareført etter 1. september. I dag møttest dei raudgrøne samarbeidspartia Ap. Sp, SV, Raudt og MDG til møte om drivstoffprisar, etter invitasjon frå Arbeidarpartiet. Dei vart ikkje einige om framtida til drivstoffprisane. Kutta vart innført etter at krigen mellom Iran og USA førte til at Hormuzsundet vart stengt, noko som sende oljeprisen til godt over 100 dollar fatet. Prisane på bensin og diesel steig deretter til rundt 25 til 30 kroner literen. Svein Egil Seterbakken har vore trailersjåfør for Vartdal Plast i 18 år. Dei har hovudkontor i Ørsta på Sunnmøre. – Det er skremmande at dei ikkje forstår betre kva næringslivet slit med generelt på alle utgiftene som kjem. Seterbakken har stoppa på Digernes i Ålesund og er på veg til Aukra for å levere ei last. Han forklarar at ein tank som rommar 500 liter vil koste 11.000 kroner for å fylle når drivstoffprisen er 22 kr per liter. Han meiner det er forsvarleg at staten har brukt 5, 5 milliardar kroner på drivstoffkutt so langt.