Trass i semje i juni, er det igjen fare for storstreik i SAS frå laurdag. Konflikten strekk seg over fleire år.

Trass i semje i juni, er det igjen fare for storstreik i SAS frå laurdag. Konflikten strekk seg over fleire år. Partane møttest klokka 10 torsdag føremiddag hos Riksmeklaren. Klokka 18.30 går samtalane føre seg framleis, ifølgje Parat. – Me har med til overnatting her, seier Parats forhandlingsleiar Martinus Røkkum til E24. Dette er ikkje ei mekling, men eit møte SAS og NHO Luftfart har bede om for å prøve å finne ei løysing, opplyser Fellesforbundet. Partane har likevel blitt samde om at teieplikta skal gjelde, lik ei vanleg mekling. Riksmeklaren har stilt sine lokale til disposisjon for partane i dag og i morgon. Om partane ikkje blir einige, er det varsla streik frå klokka 04.00 laurdag morgon. I juni blei ein storstreik hindra, men nå er det altså igjen fare for at om lag 500 kabintilsette går ut i streik allereie laurdag frå Fellesforbundet og Parat.