Ei 16 år gamal jente omkom og ein 18 år gamal bilførar blei alvorleg skadd i ei trafikkulykke i Molde. No er bilføraren sikta.

ULYKKE: Ei jente (16) omkom og ein mann (18) blei hardt skadd i trafikkulykka i Molde. Tre personar blei skadde då ein bil køyrde av vegen på Julsundvegen i Molde torsdag morgon. 16 år gamle Leah Grydeland frå Molde omkom som følge av skadane ho fekk i ulykka. Ein 18-åring blei sendt vidare til St. Olavs hospital i Trondheim behandling. Vedkomande var førar av bilen og sat fastklemt etter ulykka. Han er no sikta for brot på vegtrafikkloven § 3, som handlar om å vere aktsam og merksam i trafikken. Politiet opplyser at førar ikkje er avhøyrt enno og avhøyr kan først bli gjennomført når tilstanden hans tillèt det. – Vi jobbar med å kartlegge hendingsforløpet før utforkøyringa. Mellom anna vil vi undersøke mobiltelefonane til dei involverte og teledata, for å få ei nærmare formeining om hastigheit då ulykka skjedde, seier politiadvokat Elias Undersåker Enga. Han opplyser vidare at det per no ikkje mistanke om ruspåverka køyring, men at det er sikra blodprøve av førar som er sendt til analyse.