Føraren av bilen, ein 18 år gamal mann, er sikta for brot på vegtrafikkloven § 3 etter dødsulykka på Julsundvegen i Molde i går. Det melder politiet i Møre og Romsdal. Ei 16 gamal…

Føraren av bilen, ein 18 år gamal mann, er sikta for brot på vegtrafikkloven § 3 etter dødsulykka på Julsundvegen i Molde i går. Det melder politiet i Møre og Romsdal. Ei 16 gamal jente frå Molde omkom i ulykka. Totalt tre personar blei skadde i trafikkulykka. Føraren av bilen sat fastklemt etter ulykka. Politiet opplyser at førar ikkje er avhøyrt enno og avhøyr kan først bli gjennomført når tilstanden hans tillèt det. – Det er per no ikkje mistanke om ruspåverka køyring, men det er sikra blodprøve av førar som er sendt til analyse. Vi jobbar med å kartlegge hendingsforløpet før utforkøyringa. Mellom anna vil vi undersøke mobiltelefonane til dei involverte og teledata, for å få ei nærmare formeining om hastigheit då ulykka skjedde, seier politiadvokat Elias Undersåker Enga. Det var 16 år gamle Leah Grydeland frå Molde som omkom i ei trafikkulykke torsdag morgon. Ein 18 år gamal mann er frakta vidare til St. Olavs hospital. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr