Mange studentar slit med «bedragarsyndromet». Idun Gabrielle Fougner-Økland måtte akseptere at ho aldri kom til å synast at ho var god nok.

Mange studentar slit med «bedragarsyndromet». Idun Gabrielle Fougner-Økland måtte akseptere at ho aldri kom til å synast at ho var god nok. «BEDRAGAR»: Idun Fougner-Økland er redd for at folk skal avsløre at ho eigentleg ikkje er så flink. Inne i ein av dei minste konsertsalane på Noregs musikkhøgskule i Oslo flyr fingrane til studenten Idun Gabrielle Fougner-Økland over tangentane på flygelet. – Ikkje fordi at det var sånn... no har eg bestemt at eg skal gjere det, men eg kjente at det ikkje var noko anna eg kunne gjere, seier ho. Er ho eigentleg god nok? Kjem dei andre til å avsløre at ho eigentleg ikkje er flink? Denne veka har 150.000 håpefulle fått svar på søknaden sin til høgare utdanning, og mange studentar kjenner på dei same følelsane som Fougner-Økland. Kanskje særleg dei som er tidleg i studieløpet, seier psykologspesialist ved Saman, studentsamskipnaden i Bergen, Øyvind Sandven. – Når ein ikkje er så fortruleg med å vere student, kan det vere lett å få den type tankar.