Røde Kors meiner at bookingsystemet til Den Norske Turistforening fører til unødvendige leiteaksjonar.

Røde Kors meiner at bookingsystemet til Den Norske Turistforening fører til unødvendige leiteaksjonar. OMFATTANDE: LEITEAKSJON: To helikopter var i lufta i seks timar, då to turistar ikkje fekk avbestille reservering hos turisthytte i Breheimen. På berre fire dagar har det vore tre redningsaksjonar i fjellområda Breheimen og Jotunheimen. I alle tilfella hadde turistar bestilt overnatting på ei turisthytte, men ikkje møtt fram som venta. Turistane vart meldt sakna av Den Norske Turistforening. Og store ressursar vart kopla på for å finne dei. – DNT sitt bestillingssystem må bli tydelegare og stille strengare krav til gjestene, seier korpsleiar Ove Fortun i Luster Røde Kors hjelpekorps. Han meiner systemet må gi klarare beskjed til turistar om å varsle dersom dei ikkje kjem fram til hytta som avtalt. Ove Fortun i Luster Røde Kors hjelpekorpssiger seier at dei må vere i dialog med turisthyttene om korleis dei skal løyse bestillingsproblemet.