Politiet har i ettermiddag pågripe og sikta ein mann i 40-åra etter ei valdshending i Sunndal. Ein mann i 20-åra hadde tidlegare på ettermiddagen kontakta politiet og fortald at han hadde vorte utsett for vald. Mannen i 20-åra framstår ifølge politiet ikkje som alvorleg skada. Han blir ivaretatt av helsevesenet. Politiet rykte ut til eit bustadhus med betydelege ressursar etter at dei vart varsla. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr