Kvinna i 20-åra er tiltalt for to drapsforsøk og ei rekkje valdshendingar på psykiatrisk sjukehus både i Bergen og Førde. Påtalemakta krev tvungent psykisk helsevern.

Kvinna i 20-åra er tiltalt for to drapsforsøk og ei rekkje valdshendingar på psykiatrisk sjukehus både i Bergen og Førde. Påtalemakta krev tvungent psykisk helsevern. Tiltalen omfattar fleire alvorlege hendingar ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde. Det eine drapsforsøket skal ha skjedd på Psykiatrisk klinikk ved Helse Førde 13. februar 2025. Ifølgje tiltalen skal kvinna frå Sunnfjord ha kutta ein besøkjande fleire gonger på tvers av halsen med ein skarp metallgjenstand. Personen fekk tre kutt som måtte syast med til saman 23 sting. NRK omtalte saka i mars 2025. Då opplyste politiet at den fornærma var i nær relasjon til kvinna, og at hendinga vart etterforska som eit drapsforsøk. Kvinna skal då ha forsøkt å kutte ein tilsett i halsen med eit barberblad. Den tilsette skal ha klart å rygge unna, dytta kvinna bort og tilkalla hjelp frå andre tilsette. Berre åtte dagar tidlegare skal kvinna ha skadd to andre tilsette ved Førde sentralsjukehus med eit barberblad: Seinare same månad skal kvinna ha slått ein tilsett to gonger i hovudet med eit blandebatteri.