Aksjonane til dyrevernorganisasjonen Anima møtte allereie første dag motaksjonistar. I Brumunddal møtte politikarar for å ete burgar.

Aksjonane til dyrevernorganisasjonen Anima møtte allereie første dag motaksjonistar. I Brumunddal møtte politikarar for å ete burgar. BURGARPROTEST: Odd Amund Lunberg var blant fleire motaksjonistar som møtte opp på McDonald’s. Ikkje for å protestere mot kyllingen som dyrevernorganisasjonen Anima hevdar selskapet bruker, men mot Anima sin aksjon. Fleire titals personar, blant dei lokale bønder og stortingspolitikarar, møtte måndag opp for å ta seg ein burgar på McDonald’s-restaurant i Brumunddal. – Personleg byrjar eg å bli lei av alle dei angrepa som kjem mot norsk landbruk og husdyrhald i landbruket, seier Odd Amund Lunberg (Sp). Aksjonen til Anima er ein del av kampanjen «I’m Leavin’ It», der dei krev at McDonald's gir kyllingane meir plass, ved å stille strengare krav til kyllingen dei kjøper. Sjølv hevdar Anima, som står bak aksjonane, at restaurantkjeda bryr seg mindre om dyrevelferd enn andre store kjedar. McDonald’s Noreg understrekar at dei stiller krav til produsentane sine, og at kyllingen blir produsert i tråd med norsk lov og gjeldande krav til dyrevelferd. Siri Standal, kommunestyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne i Ringsaker, var blant dei som møtte opp for å aksjonere mot burgarkjeda.