Under kampen mot Rosenborg på søndag viste Niklas Castro fingeren til kameraet. Norges Fotballforbund går ikkje vidare med saka.

Under kampen mot Rosenborg på søndag viste Niklas Castro fingeren til kameraet. Norges Fotballforbund går ikkje vidare med saka. SLEPP STRAFF: Det blir ingen vidare konsekvensar for Niklas Castro. Bilete med løyve frå TV 2. NFF viser til punkt 12 i retningslinjene for disiplinærsaker, der berre brot som normalt gjer minst to kampar karantene blir følgt opp i ettertid. – Det har vore mykje greier. Eg synest det vart blåst veldig mykje opp, seier Niklas Castro når NRK snakkar med han på trening tysdag. Etter å ha sendt Brann opp i leiinga i kampen mot Rosenborg sist søndag, feira Castro på kontroversielt vis med å vise fingeren til kameraet og rope «fuck you». – Det var eit veddemål eg hadde med nokon, og så vart det kanskje litt meir kjensler enn eg hadde tenkt at det skulle bli. Eg er eit kjenslemenneske og burde kanskje ikkje gjort det, men det var det som skjedde der og da, sa han etter kampen. – Det er veldig deilig at det ikkje blir noko meir ut av det. Alle Facebook-krigarane kosa seg i kommentarfeltet i nokre dagar, og det er heldigvis over no, seier Castro tysdag. VAR-sjef i NFF, Svein Oddvar Moen, forklarte overfor NRK at feiringa fort kunne fått konsekvensar for Castro.