Gjennom eit seks månader langt kurs gjekk Klaus frå å vere lærar til å bli tollar. Tollarforbundet meiner ordninga kan bli utfordrande på sikt.

Gjennom eit seks månader langt kurs gjekk Klaus frå å vere lærar til å bli tollar. Tollarforbundet meiner ordninga kan bli utfordrande på sikt. KONTROLL: Tollinspektørar ved Ørje tollstasjon passar nøye på kva som kryssar grensa mellom Sverige og Noreg. – Det var litt overveldande sånn med éin gong. Men så fekk eg litt oversikt og skjønte at ein ikkje nødvendigvis skal kunne alt i starten. Klaus Sandvik Ovlien tok i intensivutdanninga til 2023 Tollvesenet for å komme inn i jobben som tollinspektør. – Eg kom over det i lokalavisa, og det var noko eg hadde lyst til tidlegare. Så da var det berre å kaste seg på moglegheita, seier Ovlien. Gjennom eit seks månader langt intensivkurs kunne han bygge på den tidlegare utdanninga si og gå inn i ein jobb som tollar. – Vi ser kanskje ting på litt ulike måtar. Oppgåvene handlar jo om å sjå etter avvik, og da treng ein litt ulike menneske, fortel tollaren. I 2021 blei utdanninga, som tidlegare var ein toårig skole, gjort om til ei treårig bachelorgrad.