Daniel Nisja Sørli hadde ei uvanleg opplading for å kvile ryggen før finalen. Kort tid seinare kunne han juble for sin tredje tittel som skyttarkonge.

Daniel Nisja Sørli hadde ei uvanleg opplading for å kvile ryggen før finalen. Kort tid seinare kunne han juble for sin tredje tittel som skyttarkonge. FOSTERSTILLING: Daniel Nisja Sørli tok sin tredje tittel som Skyttarkonge. Før han skal skyte låg han i fosterstilling. Nokre minutt før han skulle kjempe om den gjevaste tittelen på Landsskyttarstemnet, låg Daniel Nisja Sørli i fosterstilling. Med ein brekt rygg måtte 35-åringen finne ein måte å hente seg inn på før finalen. – Ja, det er ei fin stilling, slappe godt av då, sa Sørli med eit smil etter han tok sigeren. Det var langt frå sikkert at kroppen skulle halde. Men då han la seg ned for å skyte på Kongelaget, viste Sørli nok ein gong kvifor han er ein av dei beste skyttarane i landet. Bak prestasjonen låg det ein tøff kamp mot smertene. Sørli fortel at han måtte jobbe hardt mentalt for å klare å levere då det gjaldt som mest. – Det var intenst. Det har vore ein utruleg dag frå i går til i dag, så eg måtte jobbe veldig hardt med meg sjølv, seier Sørli.