Éin person blei frigjort etter ei trafikkulykke i Molde. Politiet beskriv skadane som alvorlege.

Éin person blei frigjort etter ei trafikkulykke i Molde. Politiet beskriv skadane som alvorlege. STENGT VEG: Julsundvegen i Molde er stengt medan politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen gjer sine undersøkingar. Politiet i Møre og Romsdal melde om trafikkulykka i Julsundvegen i Molde klokka 05.39 torsdag morgon. Éin person sat først fastklemt, men blei frigjort. Det skal ha vore føraren av bilen som sat fastklemt, melder politiet. – Vedkomande har alvorlege skader, seier Jan Arild Austnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt. Det var totalt tre personar i bilen. Dei to andre kom seg ut av bilen på eigen hand, men også desse skal vere skadde. Skadeomfanget på dei to er ukjent. Julsundvegen ligg vest for Molde sentrum. Ulukka skal ha skjedd ikkje så langt frå Mordalsvågen. Fylkesvegen er stengt som følge av ulykka. Klokka 07.17 melder politiet at deira krimteknikarar har gjennomført undersøkingar på staden.