Fem vaksne, to born og tre hundar er berga frå Våtedalselva. Store nedbørsmengder i løpet av natta gjorde at elva fløymde over vegen.

Fem vaksne, to born og tre hundar er berga frå Våtedalselva. Store nedbørsmengder i løpet av natta gjorde at elva fløymde over vegen. Villcamparar vart overraska av den rask veksande Våtedalselva mellom Gloppen og Sunnfjord. Torsdag måtte dei bergast ut med båt. – Det er eit populært område for villcamparar. No kjem dei seg rett og slett ikkje over att, seier innsatsleiar for Gloppen brannvesen, Joar Flølo. Tidleg torsdag ettermiddag vart mannskap kalla ut då villcamparar ikkje kom seg vekk frå det som i løpet av natta vart til ein liten holme i Våtedalselva mellom Gloppen og Sunnfjord kommunar. Det var fem vaksne, to born og tre hundar i reisefølget som over natta blei stranda på ei øy. – Elva stig fort her inne når det er slike nedbørsmengder. Kring fire-fem meter av vegen dei køyrde over i går står ein meter under vatn i dag. – Dersom elva har vore på topp no, så blir dei ståande. Er det fare for at elva veks ytterlegare, så har vi folk som jobbar med å prøve å få bilane over, seier Flølo. Turistar som blir overraska av den raskt veksande Våtedalselva er ikkje noko nytt fenomen. Mange tek ein avstikkar frå E39 til elvebreidda for å overnatte tett på naturen.