Kvart år pakkar familien telt, campingutstyr, hund og dei karakteristiske amerikabuksene før dei set kursen mot Notodden Bluesfestival.

Kvart år pakkar familien telt, campingutstyr, hund og dei karakteristiske amerikabuksene før dei set kursen mot Notodden Bluesfestival. Trond og Brita Wesenlund Hjønnevåg fann kvarandre på Notodden Bluesfestival for over 20 år sidan. Nå har kjærleikshistoria blitt ein familietradisjon. Trond og Brita Wesenlund Hjønnevåg fann kvarandre på Notodden Bluesfestival for over 20 år sidan. Nå har kjærleikshistoria blitt ein familietradisjon. Det finst mange grunnar til kvifor ein kjem tilbake til ein festival år etter år. Notodden Bluesfestival blei arrangert for første gong i 1988 av lokale eldsjeler. Historia deira på Notodden Bluesfestival starta nemleg med eit tilfeldig rop frå ein hamburgarkø for over 20 år sidan. – Eg gjekk oppover Storgata da eg plutseleg høyrde nokon rope: «Neimen, sjå på dei buksene, da!», fortel Trond Wesenlund Hjønnevåg. I dag, fleire år og tre barn seinare, er dei framleis faste gjester på bluesfestivalen.