NRK har spurt sju store muslimske organisasjonar i Noreg kva dei meiner om homofili. Berre to svarte.

NRK har spurt sju store muslimske organisasjonar i Noreg kva dei meiner om homofili. Berre to svarte. Islamic Cultural Centre har over 6000 medlemmar og har moské på Grønland i Oslo. – Det ein kan lese frå Koranen, er at det ikkje er tillate med homofile handlingar i islam. Det seier Yasir Mushtaq Ahmed. Han er talsperson for World Islamic Mission (WIM) som er eitt av dei største muslimske trussamfunna i Noreg. Samstundes seier han at homofile kjensler ikkje er forbodne etter muslimsk tru, haram. WIM forkynner òg at alt hat mot og trakassering av homofile er forbode, ifølgje Ahmed. Yasir Mushtaq Ahmed er talsperson for World Islamic Mission som har over 4000 medlemmar. WIM er eitt av over 280 muslimske trussamfunn i Noreg. Som i alle religionar, finst det ulike tolkingar av tru og skrifter blant ulike trussamfunn. I denne saka har NRK teke kontakt med fem av dei største for å spørje om korleis dei ser på homofili.