Fleire kvinnelag reagerer på at utøvarar utnyttar BH-storleiken for å sykle raskare. No tek sykkelforbundet grep før tysdagens etappe i Tour de France.

Fleire kvinnelag reagerer på at utøvarar utnyttar BH-storleiken for å sykle raskare. No tek sykkelforbundet grep før tysdagens etappe i Tour de France. BH-TRIKSET: Fleire sykkellag meiner større sports-BH kan gi kvinnelege ryttarar ein fordel i kampen om sekunda. Etappen tysdag vart vunne av sveitsiske Marlen Reusser. Sigrid Ytterhus Haugset, som sykla seg inn i gul trøye etter etappesigeren måndag, klarte ikkje å behalda leiinga i samandraget. Etappevinnar Reusser tek over den gule trøya. Haugset er nå nummer fire i sammendraget. Men det var ikkje Haugset sin kamp om å forsvara den gule trøya som var den største snakkisen i forkant. Sykling i vindtunnel, spesialdrakter og meir aerodynamiske hjelmar er i dag kvardagskost for proffane. Trikset handlar i all si enkelheit om å jamne ut forma på overkroppen. Når utøvaren sit framoverbøygd på temposykkelen, vil ein polstra eller større BH fylle tomrommet på brystet og styre lufta betre rundt kroppen. – Vi snakkar om at ein endrar luftstraumen rundt kroppen, slik at ein får mindre overtrykk på låra, forklarar Bert Blocken, professor i aerodynamikk, til det internasjonale sykkelmediet WielerFlits.