Markus Hagen Calado vann fram då han kravde eit betre tilbod frå Kristiansand kommune. Likevel må han ut med 90.000 kroner.

Markus Hagen Calado vann fram då han kravde eit betre tilbod frå Kristiansand kommune. Likevel må han ut med 90.000 kroner. Markus Hagen Calado har ein muskelsjukdom som gjer at han treng pustehjelp og rullestol. Han treng også folk rundt seg til ei kvar tid. – Eg synest det er kjipt å bli møtt på denne måten etter å ha kjempa for noko som eg sjølv ser på som grunnleggande menneskerettar, seier Markus Hagen Calado til NRK. Calado hadde då hatt ein to år lang kamp bak seg mot Kristiansand kommune. Til slutt fekk han eit vedtak om BPA i september i fjor. Det står for «brukarstyrt personleg assistanse» og inneber at Calado sjølv er arbeidsleiar for sine assistentar. Den nye kvardagen med eigen bustad og assistentar var sikra etter dette BPA-vedtaket. I fjor flytta Markus Hagen Calado ut frå den kommunale bustaden han budde. I ein periode var han utan kommunale tenester. I den kommunale bustaden han budde tidlegare var det avgrensingar i kor mykje han kunne vere ute med kommunal hjelp. Etter kl. 21.00 måtte foreldra vere med.