Karsten Warholm har klare ambisjonar før EM i friidrett i Birmingham. EM startar måndag 10. august og hekkeløparen frå Ulstein seier han har eit klart mål. – Eg lyg ikkje eller overdriv om eg seier at målet er å vinne. Eg har lyst å vinne 400 meter hekk ein gong til. Dette blir min fjerde på rad, seier Warholm. – Men alle løp skal springast då. Eg prøver å ikkje vere nonchalant. Eg skal gå inn for å gjere jobben. Eg har også ein meisterskapsrekord frå EM i Roma i 2024 som fristar å ta. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr Karsten Warholm er fødd i Ulsteinvik i 1996 og representerer Dimna Idrettslag. Han vart verdsmeister på 400 meter hekk i London 2017, Europameister i Berlin 2018 og verdsmeister i Doha i 2019. Han har ei lang rekke med norske meisterskap.