Telenor meiner det er eit paradoks at DNT løftar fram hytter utan dekning som eit gode, når dei etterspør meir dekning.

Telenor meiner det er eit paradoks at DNT løftar fram hytter utan dekning som eit gode, når dei etterspør meir dekning. LOKKAR MED MOBILFRI: «Tenk så herlig uten dekning» skriv DNT på sine nettsider. Dekningsdirektør i Telenor seier dette er paradoksalt sidan den største årsaka til redningsaksjonar er dårleg dekning. Fleire redningsaksjonar i Breheimen og Jotunheimen har den siste tida vist kor vanskeleg det kan vere å få kontakt med turgåarar i område utan mobildekning. I eitt tilfelle vart to utanlandske turistar melde sakna då dei ikkje møtte fram til ei bestilt overnatting på Nørdstedalseter. Dei hadde endra ruta, men fekk ikkje varsla hytta fordi dei mangla både mobildekning og internett. Det utløyste ein stor redningsaksjon. Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, stadfestar at delar av Breheimen og Jotunheimen har dårleg dekning. Han reagerer på at DNT marknadsfører dekningsfrie, trass i at det er den største utfordringa for aksjonane i området. På DNT sine nettsider framhevar dei hytter utan dekning som eit ideal, med titlar od setningar som: «Tenk så herlig uten dekning» og «På mange av DNT-hyttene er det ikke dekning. Helt perfekt når du trenger en pause frå alt». – Det er forståeleg at folk vil sleppe at telefonen pip heile tida. Men frå eit tryggleiksperspektiv ville betre dekning vore ein fordel, seier Amundsen.