Ein papegøye landa plutseleg på hovudet til Arnt, men det var ikkje tilfeldig at ho valde akkurat han. Ifølgje eigaren har pappegøya Tiba nemleg ein forkjærleik for mannfolk.

Ein papegøye landa plutseleg på hovudet til Arnt, men det var ikkje tilfeldig at ho valde akkurat han. Ifølgje eigaren har pappegøya Tiba nemleg ein forkjærleik for mannfolk. Plutseleg fekk familien Tvedt ein uventa gjest i hagen. Ein papegøye hadde landa hos dei, og dei visste ikkje kvar fuglen kom frå. Dei tok kontakt med politiet etter å lagt ut meldingar på Facebook og andre sosiale medium. «Papegøye i Malmefjorden tatt hand om. Om noen savner en, ta kontakt på 02800 – vær forberedt å komme med korrekt beskrivelse og hvilke ord den kan si.» Det er ikkje kvar dag politiet må be folk beskrive både utsjånaden til ein fugl og kva han kan seie for å få han tilbake. Då NRK ringde for å høyre om nokon hadde prøvd å få seg eit nytt kjæledyr, var det ingen som hadde meldt seg. Sindre Molnes i politiet kunne fortelje at dei ikkje hadde fått nokon telefonar frå folk som sakna ein papegøye eller som meinte dei hadde fått ein ny fjørkledd familiemedlem på avvegar. Sindre Molnes i politiet ville sjå til at Tiba kom seg heim til den rette familien.