Det er sett i gang ein redningsaksjon i Luster kommune, etter melding om ein skadd turist på Fannaråki. – Det er ein turist med ein skadd fot, vedkomande sit i eit telt og ventar m…

Det er sett i gang ein redningsaksjon i Luster kommune, etter melding om ein skadd turist på Fannaråki. – Det er ein turist med ein skadd fot, vedkomande sit i eit telt og ventar med å kome seg av garde, seier Per Hognaland som er redningsleiar i HRS Sør-Noreg. Det er tåke på staden og dårleg sikt. Det er uklart om vêret tillèt bruk av helikopter. Det blir difor kalla ut frivillige til fots for å redde ned turisten.