­

FORSKING: Edvard og May-Britt Moser har saman med resten av forskingsteamet ved Kavli-instituttet gjort nye funn knytt til korleis gittercellene fungerer. Forskingsteamet har allereie presentert dei nye funna på vitskapeleg konferansar. – Vi høyrde frå redaktøren for nevrovitskap i Science at dette var noko av det mest fantastiske han har vore borti på lang tid. Forskarane ved Kavli-instituttet ved NTNU har tidlegare publisert banebrytande forsking som viser at hjernen har sin eigen stadsans. Gitterceller er nerveceller som lagar eit slags mentalt kart i hjernen vår. Dei er viktige for stadsansen vår, og hjelper oss mellom anna med å navigere. Funnet var ein del av grunnen til at dei fekk nobelprisen i medisin, saman med John O'Keefe. I fjor publiserte forskingsmiljøet funn som viste at gittercellene også sender ut «mentale følehorn». – Det vi visste allereie i fjor var at desse sveipa som hjernen gjer for å kartlegge stad, går fram og tilbake som ein maskin, fortel Edvard Moser.