Dyrevelferdsorganisasjonen Anima skal demonstrere for betre dyrevelferd på McDonald´s-restaurantar over heile landet. I Ålesund skal dei demonstrere og henge opp plakatar ved McDonald`s restauranten på Moa i dag. Ei av dei frivillige i Anima, Fride Nordstrand Ljønes, seier til NRK at dei meiner kyllingane til McDonald`s lever altfor tett, med mindre enn eitt A4-ark kvar, og ikkje har nok plass for å leve gode liv. – Ved å henge opp plakatane over heile Noreg vil vi vise McDonald`s at det er mange som meiner dei må ta dyrevelferd på alvor, seier Ljønes. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr