Problem med rekruttering og behovet for fleire politifolk har sett fart i ønsket om politiutdanning på Vestlandet. Politidistrikt over heile landet slit med å rekruttere nye politifolk og å halde på betjentane dei har. Særleg på politikontora utanfor dei største byane. No har Fylkestinget i Vestland teke til orde for eit nytt desentralisert utdanningstilbod for å få tak i fleire politifolk til landsdelen. Overfor Justis- og beredskapsdepartementet viser dei til prøveordninga i Alta, der studentar får høve til å ta politiutdanning nærmare heimstaden. Det kan bli behov for fleire politifolk i framtida. Auka beredskapskrav og fleire oppgåver krev meir ressursar. – Vestland er ein av dei største regionane i landet, men er framleis blant dei siste utan eiga politiutdanning. Regionen omfattar Noregs nest største by og har samfunnskritiske funksjonar langs heile kysten, seier fylkesvaraordførar Stian Davies (Ap). – Dette er ei omfattande og viktig oppgåve som krev god tilgang på kvalifiserte politifolk, seier Davis. Politiets Fellesforbund meiner at etablering av nye studiestader må byggje på eit grundig fagleg grunnlag.