Politikarane har bestemt at turistferjene i Geiranger no skal vere utsleppsfri. Men på fjorden har antal gamle dieselferjer plutseleg dobla seg.

Politikarane har bestemt at turistferjene i Geiranger no skal vere utsleppsfri. Men på fjorden har antal gamle dieselferjer plutseleg dobla seg. TRANGT OM PLASSEN: Før var det berre to gamle dieselferjer på Geirangerfjorden. No er det fire. Vestlandske Trafikk klaga inn Fjord1 for å bruke dei eldre dieselferjene «MF Veøy» og «MF Bolsøy». Kort tid etter sette Vestlandske sjølv inn to gamle dieselferjer («MF Ullensvang» og «MF Røsund») på den same strekninga. Talet på dieselferjer i verdsarvfjorden har dermed dobla seg. Fjord1 meiner det er dobbeltmoralsk av konkurrenten å klage dei inn, når dei gjer det same sjølv. Vestlandske erkjenner paradokset, men viser til at dei har investert 300 millionar kroner i to nye heilelektriske ferjer. Dei har fått midlertidig dispensasjon fram til dei nye ferjene er klare. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen har bedt om eit snarlig munnleg rettsmøte mellom partane. – Eg vil faktisk sammenligne dei to ferjene her med Skibladner på Mjøsa, seier Karstein Erling Holm. Han er eigentleg pensjonist, men jobbar framleis som kaptein om bord på «MF Veøy».