Regjeringa vil stenge parkeringsplassen som i dag er inngangsporten til Rondane nasjonalpark. Somme tek nå til orde for også å stenge DNT si hytte i nasjonalparken.

Regjeringa vil stenge parkeringsplassen som i dag er inngangsporten til Rondane nasjonalpark. Somme tek nå til orde for også å stenge DNT si hytte i nasjonalparken. Parkeringsplassen, som ligg like ved Mysusæter, er i dag sjølve inngangsporten til Rondane nasjonalpark, og er eit populært utgangspunkt for tur om sommaren. Det er ikkje nok for å redde villreinstammen i Rondane, meiner kommentator i Gudbrandsdølen Dagningen (GD), Kathrine Lunde. – Det er rett og slett kombinasjonen av veldig mange besøkande og veldig trua villrein. Til saman så gjer det at dei tiltaka som er føreslått ikkje er nok, seier Lunde. Tysdag kveld blei saka debattert i Dagsnytt 18 på NRK 1, der Lunde og Sel-ordførar Eldri Siem (Sp) deltok. Lunde har tidlegare skrive ein kommentar om saka i GD. Kommentator i Gudbrandsdølen Dagningen, Kathrine Lunde, meiner Rondvassbu og vegen inn bør leggast ned for å ta vare på villreinstammen i Rondane. Bakgrunnen for ønsket til regjeringa om nedlegging eller flytting av parkeringsplassen skuldast omsynet til villreinen i området, der tilstanden i dag er dårleg. – Situasjonen for villreinen er så alvorleg at vi er i ferd med å miste noko av det som har gjort Noreg til Noreg, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i september.