Ein mann i 30-åra er arrestert og ein mann i 20-åra er sendt til sjukehus etter ein slåstkamp i Kristiansund.

Ein mann i 30-åra er arrestert og ein mann i 20-åra er sendt til sjukehus etter ein slåstkamp i Kristiansund. KNIVSKADAR: Ein mann blei sendt til sjukehus med knivskadar etter eit slagsmål ved ein utestad i Kristiansund. Politiet rykte natt til onsdag ut etter å ha fått melding om slåsting mellom fleire personar utanfor ein utetsad i Kristiansund. Vedkomande skal ha hatt knivskadar og blei frakta til sjukehuset. Det opplyser Espen Andrésen, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt. – Han hadde ei flenge i kinnet og nokre skader som samsvarer med stikk, utan at eg veit kor alvorleg skadane er, seier han. Ein mann i 30-åra blei pågripen på staden og sit no i varetekt. Mannen er sikta i saka. – Det vil forhåpentlegvis etterforskinga avdekke. Saka blir etterforska vidare utover dagen, fortel Andrésen. – Ikkje utover at det har vore eit slagsmål. Det har starta inne på utestaden og enda opp ute på gata, seier operasjonsleiaren.