Mannen i 40-åra vart tatt med overgrepsmateriale på ein minnepinne han hadde på nøkkelknippet sitt.

Mannen i 40-åra vart tatt med overgrepsmateriale på ein minnepinne han hadde på nøkkelknippet sitt. No er mannen i 40-åra dømd til åtte år og tre månadar fengsel av Sogn og Fjordane tingrett. Ho fortalde om overgrepa til ein helsesjukepleiar. Då hadde klassen hennar nettopp sett animasjonsserien «Kroppen min eier jeg». – Han tek dommen svært tungt og kjem til å anka, seier forsvarar Ivar Eivind Hauge til NRK. Mannen har nekta for valdtektene av dottera og forklarte retten at det ville vore umogleg for han å gjennomføra utan at ektefellen hans oppdaga det. Men då tiltalte vart pågripen i 2024, tok politiet beslag i ein minnepinne som mannen hadde på nøkkelknippet sitt. Der fann politiet i alt 37 filer, mesteparten videoar, av grove overgrep mot barn. Filane var eigentleg sletta, men ikkje overskrive. Derfor klarte krimteknikarane å hente dei fram att.