­

Positiv internasjonal merksemd under fotball-VM kan vere verd mykje for norsk næringsliv, meiner både ekspert og næringslivet sjølv. SJØMAT: Erling Braut Haaland blir brukt for å marknadsføre norsk sjømat. Her på Times Square i New York under VM. – Vi har hatt tidenes sterkaste juli månad, fortel administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Christian Chramer, til NRK. Både høgare prisar og auka eksportvolum gjer at det blei eksportert sjømat for 12,3 milliardar kroner i juli. Ein av grunnane til oppgangen meiner Chramer er Noreg sin deltaking i fotball-VM i sommar. – Den jobben som landslaget har gjort, og som spelarane og støtteapparatet bidrar med, har stor verdi som merkevarebygging for Noreg. – Eg trur både vi og andre som fremmer norske produkt eller tenester i utlandet, ser at det har stor, stor verdi. Laks stod for mesteparten av sjømateksporten i juli. Da eksporterte Noreg 147.891 tonn laks til ein verdi av 11,6 milliardar kroner.