Føraren er ikkje alvorleg skadd, men blir tatt med til sjukehus.

– Naudetatane har fått melding om ein lastebil som har velta ved eit grustak, skreiv operasjonsleiar James Christopher White klokka 7.43. – Da naudetatane og etter kvart brannvesenet kom til staden, så fekk vi hjelpt føraren ut gjennom eit vindauge, fortel White til NRK. – Lastebilen rygga seg ut og begynte å losse av jord og leire. Grunnen har truleg svikta, og bilen har velta og blitt liggande på sida, fortel White. Han seier at ein representant frå firmaet som eig bilen er på staden og følger opp berging av lastebilen.