Mannen i 30-åra, som er sikta etter ei valdshending utanfor ein utestad i Kristiansund natt til onsdag, blir varetektsfengsla i fire veker. Det går fram av ei avgjerd frå Nordmøre og Romsdal tingrett. Politiet meiner mannen er involvert i hendinga der ein mann i 20-åra blei sendt til sjukehus med stikkskadar. I fengslinga frå tingretten står det at mannen erkjenner å ha stukke fornærma med ein kniv. Retten meiner at det ut ifrå opplysningane i saka ikkje kan leggast til grunn at sikta handla i nødverje/sjølvforsvar. Retten meiner at det er fare for at mannen kan gjere nye liknande lovbrot om han blir sleppt fri. Dei vektlegg at mannen er mistenkt for to alvorlege valdshandlingar på kort tid. Ein mann i 30-åra er arrestert og ein mann i 20-åra er sendt til sjukehus etter ein slåstkamp i Kristiansund. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr