Marius Borg Høiby ber om å bli sett fri etter fire veker i varetekt med fotlenke heime på Skaugum, melder TV 2. Dersom politiet ber om forlenga varetekt når fengslingsperioden går…

Marius Borg Høiby ber om å bli sett fri etter fire veker i varetekt med fotlenke heime på Skaugum, melder TV 2. Dersom politiet ber om forlenga varetekt når fengslingsperioden går ut måndag, vil Høiby motsette seg dette, seier forsvararen hans Ellen Holager Andenæs til kanalen. Det er venta at politiet skal ta stilling til om dei vil be om forlenga varetekt fredag. Høiby blei i juni dømd til fire års fengsel for blant anna valdtekt og partnarvald, men anka dommen.