Nye rutinar skal hindre at ureinsa kloakk igjen renn ut i Maråkelva i Geiranger. Det skriv Sunnmørsposten. Nyleg har det vore overløp to gonger, slik at avløpsvatn frå septiktankar hamna i elva. Sist dette skjedde var i slutten av juli. Under tømming frå tette tankar må sjåføren no overvake vassnivået i ein inspeksjonskum. Dersom vatnet stig for høgt, må tømminga gå saktare slik at pumpene rekk å transportere vatnet vidare. Kommunen peikar også på at avløpsvatn med mykje slam skal leverast via ein sigevasskonteinar, for å hindre overbelasting og tette rør, skriv avisa. Turistane fekk meir enn utsikta i Geiranger i dag. Avløpsvatn frå ein septiktank hamna ved eit uhell ut i elva og farga henne brun. Siste nytt frå Møre og Romsdal. Tips oss eller send bilete og video på https://bidra.nrk.no/nrkmr