Ho orkar ikkje vere ute i hagen når store cruiseskip kjem til Måløy.

Nokre steinkast frå huset til Aud Bente Forbord ligg eit stort cruiseskip med motoren i gang. Denne dagen får Måløy besøk av to cruiseskip, som til saman har plass til over 6000 passasjerar. Den konstante duren frå skipa gjer det slitsamt for Forbord å vere utandørs. I tillegg er det tuting frå skipa og musikk frå kaia. Mange turistar kjem tett på eigedommen for å ta bilde av ein bekk. Dei store skipa blokkerer òg utsikta frå huset, der ho har budd sidan 1980. Cruisetrafikken til Noreg er meir enn dobla på 10 år. Små stader som Måløy står for mykje av veksten. Byen har tradisjonelt vore ein fiske- og industriby. Den første cruisebåten la til kai i 2022. – Eg har stor forståing for at folk som bur i tilknyting til næringsområdet av og til kan føle at det er litt i meste laget, seier Frank Willy Djuvik. Djuvik er dagleg leiar i Måløy Adventure og primus motor i turistbransjen. Han er òg varaordførar for Frp i kommunen.