Årleg blir ein milliard kroner tapt til svindel. Da leiaren i Noregs Mållag blei råka, var det målforma som avslørte svindelforsøket.

Årleg blir ein milliard kroner tapt til svindel. Da leiaren i Noregs Mållag blei råka, var det målforma som avslørte svindelforsøket. BOKMÅL: E-posten som gav seg ut for å vere frå Peder Lofnes Hauge var skriven på bokmål. – Om eg begynner å skrive bokmål så er det eit sikkert teikn til omverda om at eg enten er kidnappa eller så blir dei svindla, humrar Peder Lofnes Hauge. Tidlegare i sommar mottok ein av kollegaene hans ein e-post som visstnok var frå Hauge. Men da «mållagsleiaren» hadde skrive på bokmål blei det raskt klart at avsendaren hadde uærlege hensikter. – Eg syntest det var eit litt artig svindelforsøk i den forstand at det var så openbert at dette ikkje var meg. – Eg tenkte at det måtte vere noko viktig sidan det var midt i ferien, fortel Monika Haanes Waagan som mottok svindelforsøket. – Vi veit jo at kjeltringane blir meir og meir profesjonelle og det blir vanskelegare og vanskelegare å gjennomskode i mange tilfelle.