Sommartrafikken har ført til mange livsfarlege forbikøyringar, ifølgje UP. Yrkessjåfør Lars Solbakken meiner sinkene som ligg fremst i køen må skjerpe seg – og får støtte frå Lofot…

Sommartrafikken har ført til mange livsfarlege forbikøyringar, ifølgje UP. Yrkessjåfør Lars Solbakken meiner sinkene som ligg fremst i køen må skjerpe seg – og får støtte frå Lofot-ordførar. IRRITERT: – Eg følgjer med i speglane og prøver å halde flyten. Det er vi nøydde til. Speglane er det verktøyet vi som køyrer tunge køyretøy har, seier yrkessjåfør Lars Solbakken. Lars Solbakken jobbar som distribusjonssjåfør i Salten-området og køyrer varer til ferja som går til Moskenes. Han synest det er krevjande å køyre tungbil når trege bilar stadig hindrar flyten. No på sommaren er det spesielt bubilar som skapar problem, fortel han. – Særleg tyskarar, må eg jo berre få lov å seie. Det verkar som dei bruker vegen for alt han er verd. Trass varierande sommarvêr i nord er det mykje trafikk på vegane – og treg trafikk som fører til skumle forbikøyringar. Tysdag fortalde NRK om ein livsfarleg forbikøyring framfor eit 50 tonn tungt vogntog, som var millimeter frå å ende i tragedie. Ein personbil køyrde forbi ein hjullastar – midt i ein sving – i 80-sona. Sjåføren fekk ikkje med seg at vogntoget kom køyrande i motsett retning.