Kvar dag forsvinn dyrka mark tilsvarande ei fotballbane. No har firbeinte fått sommarjobb med å berge verdsarvlandskapet.

Kvar dag forsvinn dyrka mark tilsvarande ei fotballbane. No har firbeinte fått sommarjobb med å berge verdsarvlandskapet. I eit prosjekt i regi av Noregs Verdsarv ryddar dei landskapet på Ornes, slik at gamle steingjerde og kulturminne kjem fram i lyset igjen. – Kulturlandskapet har blitt bygd opp i løpet av fleire 100 år, men no er det ei fallande drift av området, seier Ingebjørg Njøs Storvik, verdsarvkoordinator for Urnes stavkyrkje og tilhøyrande område. For første gong er geiter leigd inn i kampen mot høgt gras, kratt og busker. Dette er dyra sin favorittmat. Når dei 35 dyra får arbeide nokre dagar, ser folk på Ornes tydeleg forskjell. Morten Løwe, ansvarleg for området, peikar på dei tynne stammene som står igjen. Utanfor gjerde, der geitene ikkje har gått, veks vegetasjonen framleis tett. Ein rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) viser at 2 859 dekar dyrka mark forsvinn i Noreg kvart år. Dette tilsvarer meir enn ei fotballbane kvar dag. Attgroinga skjer over heile landet, men mest i nord. Assisterande landbruksdirektør i Vestland, Bjørn-Harald Haugsvær, peikar på at nedlegging av gardsbruk fører til at det også blir færre beitedyr i Noreg. – Mindre beitedyr er hovudårsaka til attgroing. Skal vi ha opne beite, må vi ha dyr der, elles tar skogen over, åtvarar Haugsvær