Ei mor og dotter omkom i skipsulukka utanfor Tjörn i Sverige tysdag. Kapteinen er no varetektsfengsla, mistenkt for aktlaust drap. Han nektar straffskuld.

Ei mor og dotter omkom i skipsulukka utanfor Tjörn i Sverige tysdag. Kapteinen er no varetektsfengsla, mistenkt for aktlaust drap. Han nektar straffskuld. SKIPSULUKKE: To omkom og to blei alvorleg skadd etter ei skipsulukke i Sverige tysdag. Kapteinen på skipet «Misje Verde» er pågripen. Søndag blei det gjennomført eit fengslingsmøte med kapteinen. Retten kom fram til at kapteinen skal sitte i varetekt. Tingretten i Sverige vurderer at det er ein risiko for at han vil stikke av og unndra seg tiltale eller straff, skriv SVT. NRK har forsøkt å komme i kontakt med kapteinens forsvarar, men har foreløpig ikkje fått svar. Årsaka til ulukka er framleis ikkje kjent. Svenske myndigheiter undersøker hendinga og tok beslag i det norske skipet «Misje Verde». Fredag fekk skipet forlate Sverige og sette kursen mot Noreg, utan kapteinen som måtte bli verande i Sverige. – Det er ikkje så mykje vi er sikre på, men det som har komme fram tyder på ein kollisjon mellom lastebåten og fritidsbåten med alvorlege konsekvensar, sa Johan Albin i den svenske havarikommisjonen til SVT fredag.