Landbrukskontoret har registrert den giftige kjempebjørnekjeksen på 16 stader i Grenland. Nå er dei i gang med å få bukt med han.

Landbrukskontoret har registrert den giftige kjempebjørnekjeksen på 16 stader i Grenland. Nå er dei i gang med å få bukt med han. – Nå har vi ein svær plante her med mykje frø. Det som er noko av det viktigaste, er å prøve å hindre at denne planten frør seg. Hanne Marie Richenberg er naturforvaltar og åtvarar mot den etsande safta til planten. Om ein får safta på hendene og deretter eksponerer huda for sollys blir den veldig etsande, fortel Richenberg. – Du kan få opptil tredjegrads forbrenning og blemmer. Det kan vere veldig smertefullt. Planten har vore eit problem i fleire år. Eit barn fekk desse skadane for omtrent åtte år sidan: I verste fall kan det utvikle seg arr og permanente pigmentforandringar i huda, opplyser Giftinformasjonen på nettsidene sine. Det tar gjerne eitt til tre døgn etter soleksponering før reaksjonen i huda oppstår.