Det melder dei i ei pressemelding. Den raske framgangen skjedde da skipet «FF Kronprins Haakon» støtte på mindre havis enn venta. – Vi kunne for det meste køyre i ope farvatn rundt isflaka. Vi brøyt nesten ikkje is i det heile, seier toktleiar Paul Dodd frå Norsk Polarinstitutt. Skipet heldt seg i området rundt Nordpolen i omtrent eit døgn, for å ta prøver av isen og livet som lever der, som plankton. Toktet starta 23. juli frå Longyearbyen, og skal vare i 50 dagar. Dei er no på veg til Canada.