FF Kronprins Haakon kom fram til Nordpolen fire dagar raskare enn planlagt.

– Det er mindre is enn vi forventa, seier toktleiar Paul Dodd frå Norsk Polarinstitutt i ei pressemelding. Toktet er ein del av Polhavet 2025, eit ti år langt forskingsprosjekt utført av 18 norske forskingsinstitusjonar med budsjett på opp til 2 milliardar kroner. Prosjektet har som mål å forske på korleis klimaendringane påverkar Polhavet og konsekvensane av dette på sikkerheit, miljø, økosystem og næringsutvikling. – Vi kunne for det meste køyre i ope farvatn rundt isflaka. Vi brøyt nesten ikkje is i det heile, held han fram. FF Kronprins Haakon var i området rundt Nordpolen i eit døgn. Forskarane om bord tok prøver av isen og det som lever på og under isen. Dei brukte fleire nye typar spesialutstyr, mellom anna eit kamera som kan ta bilde av plankton. – Då kan vi sjå korleis næringskjedene i isen endrar seg når istypen vert annleis og temperaturane stig, seier Dodd. Etter å ha segla over toppen av verda, sette FF Kronprins Haakon kursen vestover i retning Canada. Dei vil då reise lenger vest enn noko anna norsk forskingstokt av denne typen har gjort. – Det var langt mindre is enn ein skulle forvente, seier direktør i Norsk Polarinstitutt, Camilla Brekke. Klimaendringane og temperaturaukinga går raskare i nord enn mange andre stadar. Det gjer at isen i Polhavet svekkast og krympar.