Mens sommaren har regna vekk for turistnæringa i nord, jublar dei i fjellet i sør.

Mens sommaren har regna vekk for turistnæringa i nord, jublar dei i fjellet i sør. Turistbana har valfarta til Setesdal i sommar. Bildet er tatt i Berdalen i Bykle. – Det er utruleg hyggeleg – og ei utruleg travel periode for oss, seier Jennifer Sinfield. I juli er det fullt på stort sett alle hotellrom kvar dag. Til saman har hotellet 69 rom og leilegheiter. – Vi var spente på om vi klarte det igjen, og det har vi gjort. Vi har til og med gjort det betre. Det er vi veldig nøgde med, seier hotellsjefen til NRK. I heile landet har norske hotell opplevd ein nedgang på ein prosent i ei måling gjort tidlegare i sommar. Dei største byane i Nord-Noreg har opplevd ein nedgang på 3 prosent. – Eg trur det er naturen. Det er tilrettelagt for mykje forskjellig, seier Bjørn Francis til NRK. Han og kjærasten har nettopp sett seg ned for å bestille mat i restauranten på hotellet.